Allmennyttige føremål

Austevoll Kraftlag SA selde i desember 1996 aksjane sine i Sunnhordland Kraftlag for NOK 153 mill. Denne formuen har sidan vorte forvalta slik at ein kan sikre vidare utvikling av Austevoll Kraftlag SA og nærmiljøet i Austevoll. Vi har sidan starten lagt vekt på at avkastninga på kapitalen skal kome eigarane våre - innbyggjarane i Austevoll- til gode gjennom direkte utbetaling av kjøpsutbytte til andelseigarane, eller gjennom tilskot til allmennyttige føremål i kommunen.

Austevoll Kraftlag SA ønsker å være ein lokal medspelar. Vi ser det som ei viktig oppgåve å være ein aktiv samfunnsaktør. Mellom anna har vi avtaler med fleire ulike samarbeidspartnare, og er ein bidragsyter som støtter mangfoldet og bredden i idrett, kultur, og andre samfunnsnyttige tiltak som mange får gleden av.

Vi får fleire henvendingar om støtte kvart år. Austevoll Kraftlags mogelegheit til å bidra som sponsor vil vere avhengig av selskapets overskudd og må derfor sjåast i samanheng med økonomiske disposisjoner i forbindelse med regnskapsavslutning. Vi har derfor vald å behandle søknader om støtte to gonger per år.

Søknadsfrist vår: 15. april
Søknadsfrist høst: 15. oktober

Vi ynskjer oss ein skriftleg søknad. Denne vert behandla etter at søknadsfristen er gått ut.

Søknad kan sendas til Austevoll Kraftlag SA, Solesvika 136, 5396 Vestre Vinnesvåg eller til firmapost@aksa.no. Hugs å merke med søknaden med "Allmennyttige føremål".