Leveransevilkår varmepumper

Eg aksepterer med dette Austevoll Kraftlag SA sine standard leveringsvilkår for varmepumpar. Dette inneber at eg som kunde får varmepumpa levert og montert og betalar denne tilbake til Kraftlaget over tre år med ein fast månadleg sum over straumrekninga. I heile tilbakebetalingstida er pumpa Austevoll Kraftlag SA si eigedom.

Dersom eg sel bustaden, aksepterar eg at heile restbeløpet eg skyldar kraftlaget, skal betalast inn i ei sum.

Ved misleghald / manglande betaling, kan Kraftlaget forlange heile restbeløpet inkludert rentar for manglande betaling, innbetalt i ei sum.

Eg pliktar å sjå til og vedlikehalde varmepumpa som omtalt i garantibetingelsane og i Bauer energi sine salsbetingelser.

Reklamasjonar/ feil skal varslast til Fedøy Elektro Servce. For reklamasjon gjelder reglane i kjøpslova samt vilkåra i Bauer energi sine salsbetingelser.

Anna naudsynt arbeid i forbindelse med installasjon av varmepumpe ( nye stikkontaktar, jording av kretsar m.m.) inngår ikkje som del av denne avtala.