Vår historie

Austevoll og Nordre Fitjar Kraftlag vart skipa i 1946 for å byggje ut straumnettet til innbyggjarane i Austevoll - ein av dei siste kommunane i landet til å få eigen infrastruktur for kraftforsyning. Forarbeidet tok til alt i 1918, men det skulle gå nesten 30 år før laget vart ein realitet. Før 1946 hadde folket i kystbygdene løyst brenselproblemet på ein naturøydeleggjande måte gjennom brenning av torv.

Ein av føregangsmennene i arbeidet med å skaffe kommunen elektrisk kraft – kjøpmann Andreas Halstensen – sa i eit møte på Stord 1. februar 1938: ”Her må noko gjerast for å stogga torvtaket. Tilhøva ute på øyane er slik no at folk snart må flytta fordi det ikkje er jord att til å fø ei ku eller planta ein blome på”. Denne fråsegna var nok noko oppglødd i den heite kampen som raste for å få straumforsyning til Sunnhordland-bygdene, men framtidsperspektivet var tydeleg nok – ein kunne ikkje ustraffa brenne jorda ein skulle leve av.

Det første møtet i kraftlaget var på Selbjørn skule 25. mars 1946, der 116 menn og to kvinner deltok. Utbygginga av straumnettet vart finansiert gjennom sal av partar à kr 100, statsstønad og bankfinansiering. Pengemangel var ei utfordring, og ikkje før 1956/57 hadde heile distriktet tilgang på kraftforsyning.

Det vart etablert eit tett samarbeid med Sunnhordland Kraftlag, som hadde sikra seg BLÅFALLI – ei stor kraftkjelde i Kvinnherad. Fram til 1961 – da Sunnhordland Kraftlag kom inn på samkøyringsnettet – var dette den einaste kraftkjelda i Sunnhordland.

I starten av 90-åra fekk vi ei ny energilov som opna for større konkurranse og eit meir variert pristilbod. Konkurransesituasjonen i dag gjer at kundane sjølve kan velje kven dei vil kjøpe kraft av.

I slutten av 90-åra starta Austevoll Kraftlag ei omfattande utbygging av eit fiberbasert breibandsnett, og var såleis blant dei første til å utvikle fibernett til abonnentane sine. Selskapet var med på utbygginga av stamnettet mellom Bergen og Stavanger, og eig i dag 92 km stamnett, i tillegg til 140 km aksessnett og 200 km kundenett.