Partar

Det er i dag 4.123 partar i Austevoll Kraftlag SA. Desse er fordelt på 1.523 partseigarar. Partane er eigd av privat personar og private verksemder som er våre kundar.

Det framgår av vedtektene § 1 at Austevoll Kraftlag SA er eit allmennyttig partlag med skiftande medlemskap og kapital. Dvs. at vi har tilgang og avgang av eigarar. I dag er dei fleste av våre kundar, med fast adresse i Austevoll, medeigar i Austevoll Kraftlag SA.

Vedtektene § 4 stiller krav til kven som kan vere parteigar.

VEDTEKTER VEDRØRANDE PARTEIGARSKAP - §§ 4 OG 5:

  1. Må vere rettslege einingar som til dømes fysisk person, selskap eller sameige.
  2. Må ha elektrisk anlegg som er tilknytt Austevoll Kraftlag SA sitt fordelingsnett.
  3. Må ha fast adresse (folkeregistrert) i Austevoll Kommune.
  4. Styret avgjer med endeleg verknad kven som kan vere parteigarar.

Ved kjøp av part nyttar ein eige søknadsskjema. Giro for innbetaling vil verta tilsendt. Søkjar vil få skriftleg tilbakemelding når søknaden er ferdig behandla.

Partbrev må vere registrert på den personen eller selskapet som har eit kundeforhold til Austevoll Kraftlag SA. Dvs. - Namn på rekning = Namn på partbrev.

Pålydande per part er kr 1000,-. Parteigarar kan ved medlemskap erverve 1 part.

Partbrevet lyder på namn og kan berre byte eigar med godkjenning frå styret. Ved overføring av partbrev nyttar ein eige søknadskjema for eigarskifte/overføring.

Overtaking av partar i uskifta bu vert ikkje rekna som eigarskifte, men Austevoll Kraftlag SA må få melding slik at vi kan oppdatere eigarregisteret. Til dette nyttar ein eige søknadsskjema for oppdatering av partsregister.

Ved utmelding av laget eller fråflytting frå Austevoll kommune, skal parteigar få betalt attende partsinnskot gjennom innlevering av partbrevet. Til dette nyttar ein eige søknadskjema for innløysing. Når styret har behandla søknaden vert partbrevet tilbakelevert stempla "ugyldig". Når ein parteigar ikkje oppfyller krava til eigarskap kan styret kansellere parteigarskapet. Pålydande vil bli tilbakebetalt til parteigar mot innlevering av partbrevet slik det er skildra ovanfor.