Austevoll Kraftlag SA er opne om korleis konsernet førebyggjer og handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Openheitslova skal fremja verksemda si respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikre ålmenta tilgang til informasjon. Loven pålegg verksemder ei informasjonsplikt, plikt til å vera varsam og å vurdera leverandørar.
Førespurnad om informasjon frå selskap i Austevoll Kraftlag konsernet
Spørjeskjema openheitslova
Konsernet Austevoll Kraftlag føl opp openheitslova på vegne av alle selskapa i konsernet. Me ber om at eventuelle krav om informasjon sendast inn ved hjelp av skjema vedlagt. Konsernet Austevoll Kraftlag vil gi ei tilbakemelding innan tre veker etter at krav om informasjon er mottatt. I visse tilfelle kan behandlingstida være opp til 2 månadar jf. openheitslova § 7. Me gjer merksam på at openheitslova § 6 opnar for at eit krav om informasjon kan avvisast. Et eventuelt avslag på et krav om informasjon vil bli behandla i samsvar med bestemminga i openheitslova § 7.
Førespurnad om informasjon openheitslova