Aksa

Parter

  1. Hjem
  2. /
  3. Parter

Parter

Det framgår av vedtektene § 1 at Austevoll Kraftlag SA er eit allmennyttig partlag med skiftande medlemskap og kapital. Dvs. at vi har tilgang og avgang av eigarar. I dag er dei fleste av våre kundar, med fast adresse i Austevoll, medeigar i Austevoll Kraftlag SA.

Vedtektene § 4 stiller krav til kven som kan vere parteigar.

VEDTEKTER VEDRØRANDE PARTEIGARSKAP - §§ 4 OG 5:

  • 1- Må vere rettslege einingar som til dømes fysisk person, selskap eller sameige.
  • 2- Må vere kundar anten av Kraftlaget eller av selskap som Kraftlaget eig alene eller saman med andre samvirkelag.
  • 3- Må ha fast adresse (folkeregistrert) i Austevoll Kommune.
  • 4- Styret avgjer med endeleg verknad kven som kan vere parteigarar.

Kjøp

Ved kjøp av part nyttar ein eige søknadsskjema. Giro for innbetaling vil verta tilsendt. Søkjar vil få skriftleg tilbakemelding når søknaden er ferdig behandla. Skjema for kjøp av part.

Partbrev må vere registrert på den personen eller selskapet som har eit kundeforhold til Austevoll Kraftlag SA. Dvs. – Namn på rekning = Namn på partbrev. Pålydande per part er kr 1000,-. Parteigarar kan ved medlemskap erverve 1 part.

Overføring

Partbrevet lyder på namn og kan berre byte eigar med godkjenning frå styret. Ved overføring av partbrev nyttar ein eige søknadskjema for eigarskifte/overføring.

Oppdatering

Overtaking av partar i uskifta bu vert ikkje rekna som eigarskifte, men Austevoll Kraftlag SA må få melding slik at vi kan oppdatere eigarregisteret. Til dette nyttar ein eige søknadsskjema for
oppdatering av partsregister.

Innløysing

Ved utmelding av laget eller fråflytting frå Austevoll kommune, skal parteigar få betalt attende partsinnskot gjennom innlevering av
partbrevet. Til dette nyttar ein eige søknadskjema for innløysing.
Når styret har behandla søknaden vert partbrevet tilbakelevert
stempla “ugyldig”. Når ein parteigar ikkje oppfyller krava til eigarskap kan styret kansellere parteigarskapet. Pålydande vil bli tilbakebetalt til parteigar mot innlevering av partbrevet slik det er skildra ovanfor.